aldri

aldri nokon av
dei gåande
som blir sjølvgåande
 
aldri noko av
det sagde som blir sjølvsagt
 
aldri nokon som for alvor trudde at
dette landskapet fekk plass
i ei vekkjarklokke
 
når sola står opp
byrjar likevel bilane
å tuta som gale i tretoppane

Forfatter: Bjarte Bjørkum
Utgitt: Gjengitt med tillatelse for e-diktet.