Dei avtaler å møtast
skal vi seie i mars
vi seier i mars
(frå ein annan planet som du er)
skal vi seie den sjuande
vi seier den sjuande
(som himmelen eg er i no)
skal vi seie ti over ti
vi seier ti over ti
(når klokkene smiler på sitt breiaste)