Mors beste barn

Sjølv om mange seier dei er snille,
er det vanskeleg å bli glad i ein krokodille.
 
Sjølv om mange seier dei er flotte,
er det vanskeleg å bli glad i ei rotte.
 
Sjølv om mange seier han er ein munter kropp,
er det vanskeleg å bli glad i ein edderkopp.
 
Sjølv om mange seier dei har gode genar,
er det vanskeleg å bli glad i hyenar.
 
Men eg, eg bråkar og herjar utan stopp.
Og likevel er eg mor sin aller beste knopp.

Forfatter: Finn Øglænd
Utgitt: Frå samlinga: Det nye dyrealfabetet og andre dikt for barn (Wigestrand forlag 2005).